Konkurransegrunnlaget er elektronisk tilgjengelig med gratis, direkte og ubegrenset tilgang på:
II.1.1) Tittel
Anskaffing av Service Management System
Referansenummer: VLFK/23/278
II.1.2) Hoved-CPV-kode
72000000
II.1.3) Type kontrakt
Tjenester
II.1.4) Kort beskrivelse
Målet med denne anskaffinga er å inngå ein løpande avtale om kjøp, drift og vedlikehald av eit Service Management System for oppdragsgjevar. Dette systemet skal vere avgjerande for å effektivisere og betre arbeidsprosessane til oppdragsgjevar sine tilsette, elevar/studentar og andre brukargrupper.
II.1.5) Estimert totalverdi
Verdi ekskl. MVA: 6 000 000.00 NOK
II.1.6) Informasjon om delkontrakter
Denne anskaffelsen er delt opp i delkontrakter:
Nei
II.2.2) Tilleggs-CPV-kode(r)
48000000
72250000
72253000
II.2.3) Sted for gjennomføring
Hovedarbeidssted eller sted for gjennomføring:
Vestland fylke
II.2.4) Beskrivelse av anskaffelsen
Målet med denne anskaffinga er å inngå ein løpande avtale om kjøp, drift og vedlikehald av eit Service Management System for oppdragsgjevar. Dette systemet skal vere avgjerande for å effektivisere og betre arbeidsprosessane til oppdragsgjevar sine tilsette, elevar/studentar og andre brukargrupper.
II.2.6) Estimert verdi
Verdi ekskl. MVA: 6 000 000.00 NOK
II.2.7) Varighet
Start:
01/04/2024
Slutt:
03/04/2028
Denne kontrakten kan fornyes: Nei
II.2.9) Informasjon om begrensning av antall leverandører som skal velges ut til å gi tilbud
Planlagt nedre grense: 3
Objektive kriterier for å begrense antallet leverandører:
Dersom det melder seg fleire enn 5 leverandørar som oppfyller minstekrava til kvalifikasjonar, vil oppdragsgjevar rangere leverandørane etter desse utveljingskriteria:
Kriterium 1 100%
Leverandøren skal ha røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra . Sjå meir informasjon om kvalifikasjonskravet i punkt 3.5.
Berre dei leverandørane som etter rangeringa er rangert som dei 5 beste vil bli inviterte til å levere tilbod.
II.2.10) Informasjon om alternative tilbud
Alternative tilbud godtas:
Nei
II.2.11) Informasjon om opsjoner
Opsjoner:
Ja
Beskrivelse av opsjoner:
Kunden ønsker å ha opsjon på utviklingsmiljø/sandbox. Leverandør bes beskrive overordnede muligheter for dette til testing og ad-hoc behov.
Meir informasjon sjå krav 601 i kravspesifikasjonen.
II.2.13) Informasjon om EU-midler
Denne anskaffelsen er tilknyttet et prosjekt og/eller program som finansieres med EU-midler:
Nei
III.1.1) Egnethet til å utføre de faglige aktivitetene, inkludert krav om registrering i et foretaksregister, faglig register eller et handelsregister
Oversikt og kort beskrivelse av vilkår:
Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak.
• Norske selskap: Firmaattest frå Brønnøysundregistrene*
• Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som føreskrive i lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert
Skal leverast med førespurnaden.
III.1.2) Økonomisk og finansiell kapasitet
Oversikt og kort beskrivelse av kvalifikasjonskrav:
Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten.
Minimumskrav:
Oppdragsgjevar vil i utgangspunktet sjølv innhente ei kredittvurdering av leverandøren. Kredittvurderinga baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Finansiell styrke vert vurdert i forhold til omsetnad, inntening, soliditet og likviditet.
Oppdragsgjevar tek atterhald om å hente inn leverandøren sitt årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjonsmelding frå det siste året.
Utanlandske leverandørar bes om å levera inn årsrekneskap, inkludert eventuelle noter med styre- og revisjonsmelding, frå de siste to årene.
Dersom leverandøren av gyldige grunnar ikkje kan leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere den økonomiske og finansielle stillinga si med eit kvart anna dokument som oppdragsgjevar kan akseptere.
Tilsvarande kan leverandøren, dersom leverandør meiner offentleg tilgjengelege økonomidata ikkje gjev eit rettvisande inntrykk av bedrifta si økonomiske og finansielle stilling, supplere med nyaste kvartals-, tertials- eller halvårsrekneskap. Slike førebelse rekneskapsopplysningar må vere attestert av revisor eller autorisert rekneskapsførar.
III.1.3) Tekniske og faglige kvalifikasjoner
Oversikt og kort beskrivelse av kvalifikasjonskrav:
1.
Leverandøren skal ha røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra .
Med tilsvarande meiner vi leveranse av Service Management System i samanliknbar omfang av brukarar og funksjonalitet.
2.
Leverandør må ha relevante tiltak innafor kvalitetssikring.
Hovudleverandør kan ikkje støtte seg på andre leverandørar for å oppfylle dette kravet.
Minimumskrav:
1.
Skildring av dei 3 mest relevante oppdraga frå leverandøren i løpet av dei siste 3 åra (lengre tid kan aksepterast dersom dette er naudsynt for å sikre konkurranse). Skildringa må inkludere informasjon om verdien av oppdraget, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post).
Referansar vil kunne bli kontakta ved behov for klårgjering av relevansen av oppdraget. Det er likevel slik at det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren skal nytte referanseskjema i Vedlegg 4.
2.
Skildring av kvalitetssikringstiltak.
Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande kvalitetssikringssertifisering, er det tilstrekkeleg å leggje ved kopi av gyldig sertifikat.
Dette er en gjentakende anskaffelse:
Nei